søndag 31. januar 2010

Min første (og forhåpentligvis ikkje siste) blogg

Der var det gjort. Eg har tenkt på det lenge, og no har eg omsider fått meg til å starte ein blogg. Kanskje eg har for mykje fritid? Kanskje eg har for mange tanker å dele? Eller kanskje eg har kunnskap som berre ut på det store nettet? Kem veit.

Uansett, når ein starter ein blogg, kvifor gjer ein egentlig det? Kva skal ein skrive om? Kva for målform skal ein bruke? Eg har bestemt meg for å skrive på nynorsk, og etter beste evne, skrive så rett som mulig. Det kan bli eit problem, då det er årevis siden eg hadde norskundervisning.

Eg håper med denne bloggen at eg kan dele litt av min kvardag, og elles dele mine tanker om dagsaktuelle temaer, musikk, fotball, film og finans/politikk.

Siden dette er mitt første innlegg, blir dette meir eller mindre ein test også. Passer forsåvidt fint å starte idag då Manchester United har vunne 3-1 over Arsenal tidligere ikveld. Som du sikkert skjønner er United mitt favorittlag.

Ønsker alle ein fin kveld, og eit rikt (relativt) nyttår.