tirsdag 16. februar 2010

Manndomsprøver



Jaha. Seier du det?

Tydeligvis er ikkje eg mann blandt menn lenger, i følge mine svært macho supertøffe vennar. Eg har virkeleg gått på ein smell: Spinning.
Eg skulle sjølvsagt aldri ha sett mine bein i den mørke, svette spinninghallen, stappa med topptrente mannfolk som ropte og skreik som dei var galne, med feminin musikk som AC/DC og Kid Rock.

Ned! Ned! Ned! Ned!
Opp å stå!
3 !
2 !
1 !
Sitt!
Slik er det på spinning. For dei som ikkje visste det, ein meget tung form for fysisk aktivitet. Dei aller mest macho velger kanskje heller å sette seg ned aleine med eit speil og ein manual, for så å tru dei er verdens sterkaste person. Hvis dei ikkje heller tek seg ein fin fjelltur, med Donkeyboy på den rosa iPhonen sin, for å nyte den fantastiske, herlege utsikta!
"Å gu så vakker verden er" tenker då dei aller mest macho. Mens eg sitter og svetter i spinningsalen, med dei andre femiknottane, som skriker som galne vikingar.

Mine vennar påstår at eg faller utanfor katogorien "mann", pga eg likar Elton John, og tok meg ein uheldig tur innom spinningen igår.
Men korleis definerast eigentleg ein "mann"?

Kunnskap?
Alder?
Fysikk?
Praktisk anlagt?
Musikalsk?
Sporty?
Engasjement?
Nostalgi?
Omsorg?
Stødig økonomi?
Kunnskap innan bodybuilding og lastebilar?

...

Vel, vel. Eg er stolt over mine mandige venner. Ikkje bank meg o Store MANNFOLK!

lørdag 6. februar 2010

Vinter i Gulen og Sopranos


Då var eg heime i Gulen, for å "slappe av" denne helga. Puste ut etter vekas tøffe program. Neste veke skal eg til behandling/opptrening for kneet mitt. I tillegg har eg ein hemmelig plan. Ein hemmelig plan, eg håpar blir bra. Det er ein del som må planleggast før denne planen kan iverksettast.

Med mindre fysioterapauten skal ha meg trakkande der borte heile veka, trur eg neste veke går stort sett til å jobbe med planen. Det er i grunn ein veldig bra plan, som eg rekner med blir ein suksess. For at det skal bli ein suksess, krever det konsentrasjon, og hard jobbing. Eg må rett og slett tidlig opp.

Idag skal eg slappe av, og muligens sjå fotballkamp. United er i god form om dagen, og det kan bli gøy å sjå. Her er det vinter. I natt drøymde eg at det var sommar. Skikkelig sommar. Med sol. Og skyfri himmel. Vindstille. Blågrønn sjø. Båtar på fjorden. Syklistar som sykla forbi. Plenklypparar som durar. Musikk på andre sida av sletta. Folk som går tur. Fotball. Bading. Is. Lettkledde, brune mennesker. Besøk. Grilling. Kald øl. Seine kveldar. Mygg. Barfot. Sandalar. Campingbilar. Femtenmotorsyklarpårad.

Gud gje meg styrke til å komme over vinteren.

No ser eg på Sopranos. Den råaste serien eg har sett, med den råaste sjefen; Tony Soprano.


PS: Gled deg over det du har, og den som venter på noko godt (sommaren) ventar ikkje forgjeves.

onsdag 3. februar 2010

Nav, fysioterapi, gitar, telefon, nudler og millionær




Idag kjenner eg at eg har fått gjort ein heil del. Eg hadde bestemt meg for at idag skulle eg stå opp 10:30. I og med at eg ikkje sovna før klokka var 04:00, trudde eg løpet var kjørt. Heldigvis klarte eg å komme meg opp 09:30, uten store problem.

Så kokte eg meg nudler til frukost. Nudler og vatn. Ny diett. Så var det berre å ta tak i dagens gjeremål. mange telefoner skulle takast idag. Først ringte eg til Bergens Kirurgiske Sykehus, for å få sendt rapporten fra operasjonen til min fastlege.


Ringe BKK - X

Så var det NAV. Igår fekk eg endelig bekrefa at eg var arbeidsledig. Trudde eg. Det viste seg at eg var arbeidsledig fra 1.1.2010, til og med 19.1.2010. Det viste seg å være ein misforståelse, og at eg hadde "gløymt" å sende inn meldeskjema. Eg trudde eg fyst skulle få bekrefta at eg var arbeidsledig, skulle eg sende elektronisk skjema. Der tok eg feil. Idag har eg ettersendt ikkje mindre enn fem skjema. Håper for guds skyld det ordner seg.

Ringe NAV Gulen - X
Bli viderkobla fra NAV Sogn og Fjordane - X

Derretter ringte eg min gamle jobb for å få x-antal dager og timar eg hadde jobbe siste to mnd. Denne informasjonen skulle inn i meldingskjema til NAV. Etter eit par-tre samtaler var det i boks.

Ringe jobb - X

Min siste telefonsamtale idag, fekk Bergen Terapi-eitelleranna, gleden av. Ringte dei både tre og fire ganger, før eg til slutt fekk snakke med ei hyggelig dame frå Stavanger. Me avtalte at dei skulle ringe seinare på dagen, eller seinast i morgon, for å avtale fyste time i terapi. Dei ringte idag, og sa at eg får time på førstkommande tirsdag, og at me lager eit opplegg etter det.

Ringe terapi - X

Så var det endelig tid for å slappe av litt. Fiksa ein gitar, dvs fekk den stemt, og festa ei fjør, slik at den vart meir "stabil". Etter det var gjort, sette eg meg beint ned å spelte millionær. Igjen gjekk eg seirande ut av spelet. Kjekt å vinne. Ikveld er det forresten bud på QXL, på klassikaren "multi-millionær", som eg kanskje slenger inn eit bud på. Budet er no komt opp i 1600,-. Dyrt vil nok mange sei.

No er det berre å ro i land denne hektiske dagen, og håpe det blir litt roligare i morgon.

Ha ein fin kveld.
Øystein Lihaug

tirsdag 2. februar 2010

Dårlig form


Det er berre å innrømme det. Eg er i usedvanlig dårleg form om dagen. Det har eg forsåvidt vore dei siste to åra. Det er ikkje slik det ein gang var. Dette må eg gjere noke med. Helst så fort som mulig. I alle fall når eg får det berømte kneet mitt i orden. "Du kan ikke spille fotball, men du kan gjøre mye ant", sa legen til meg etter operasjonen. Holy Smoke. Jada. Eg kan sikker gjere "mye ant", men dette må eg ta på sikt.

Eg har vore i god form, og eg har vore i dårlig form. Å være i god form, er absolutt å foretrekke. Hugsa godt når eg jogga, løfta vekter, hoppa tau, og spelt fotball. Det var tider det. Når eg kunne stå opp om morgonen, og velge å vrake i fancy, trange kle. Slik er det ikkje idag. Prøver eg ei bukse eg ikkje har hatt på meg på eit par år, kjem eg ikkje lenger enn til låra. Noko har skjedd. Eg føler meg på ingen måte kraftig overvektig, men kunne godt vore "eit nummer" mindre. Alternativet er å investere i ein heilt ny garderobe, noko eg verken har lyst, eller råd til. Så då må ein bite i det sure eplet og trene.

Egentlig så liker eg å trene. Faktisk. Mykje trening er artig å drive med. Liker som nemt veldig godt fotball. Trening til musikk er også veldig morosamt. Løfte vekter. Dei lodda, dei lodda. Sjå at ein gjer framskritt, på samme måte som elles i livet. Avansering, ikkje stagnering. Problemet er at eg ikkje kan jogge, men trur eg skal kunne klare å sykle. Vurderer å kjøpe meg ein ergometersykkel. Så er det berre å fyre opp catchy musikk og trø på. Slikt blir det forbrenning av.

Mitt hovudproblem er at eg ELSKER mat. Og chips. Og brus. Eg er ikkje så glad i kaker og den slags, men elsker mat. ELSKER. Og eg et som regel meir enn eg burde. Klarer ikkje å stoppe. Mat eg liker veldig godt:
- Pizza
- Hamburger
- Lasagne
- Speilegg
- Nudler
- Pasta
- Biff
- Mousakka
- Reker
- Oste-smørbrød
- Baguetter

Som du ser/leser, stort sett junkfood.

Hadde det berre vore så enkelt som dette:
Simsalabim, ungå å trim, simsaladorm bli i god form.

Slik er det då ikkje. Det som høyres for godt ut til å være sant, er som regel for godt til å være sant.

mandag 1. februar 2010

Slik runder eg av kvelden :)


Ikveld har eg sett ein dokumentar om denne karen på youtube. Mannen på bildet er Warren Buffett, ein legendarisk investor. Han er blandt dei aller rikaste i verden, og er ein av dei skarpaste innen økonomi/verdivurdering idag.

Syns det var intressant å sjå dokumentaren, som handla om korleis han har skapt si enorme formue, simpelten gjennom investeringer. På youtube finn ein mange intervjuer med Warren Buffett. Ein skal ikkje lytte lenge, før ein skjønner at dette er ein svært jordnær person, i tillegg til ein usedvanlig smart investor.

Gjennom sitt eigarskap i Berkshire Hathaway har han bygd seg opp ei formue på omlag
$40 000 000 000,-. Han vippar mellom å være den nest rikaste, og den rikaste mannen i verden. Om du hadde vore så lur å investert $1000,- med han i 1960, ja då ville du idag hatt $5 000 000,-.

Warren Buffett er ingen "blåsar", dvs han brukar ikkje meir pengar enn han er nødt til. Ikkje har han flotte bilar, store/mange hus og liknande. Han er faktisk svært så gjerrig. Kan på mange måtar minne om Onkel Skrue.

Likevel, det som driver Warren Buffett, er det å alltid gjere gode investeringer. Slå markedet som det heiter. Personlig har eg stor sans for denne mannen, og det han står for. Han har enkle filosofiar på korleis ein skal lykke med investeringer. Han understrekar at det er stor forskjell på investering, og rå spekulasjon.
Han har også donert vekk store delar av formuen sin til Bill & Melinda Gates Foundation, eit stort veldedighetsfond, dreve av "The Gates´"

Han har også skreve fleire bøker om det å investere, som eg tenker å lese ein (vakker) dag.

Dette er litt av ein rollemodell.

"If he doesn´t give capitalism a good name, no one does"




Gode gamle Super Nintendo !


Jada. Eg må innrømme det. Eg likar å spele spel. Både brettspel, kortspel, dataspel og TV-spel. Når det kjem til brettspel liker eg veldig godt risk, og monopol-relaterte spel. Kortspel eg likar kan være Amerikaner, boms-president, og 104 kort.

Så var det data og tv-spel. Der er eg ikkje så veldig oppdatert lenger. Før brukte eg mykje tid på å lese om nye spel, prøve demoar, og kjøpe spel. Dette var i PlayStation1-verden. Etter det kjøpte eg PlayStation2, som eg brukar i ny og ne. Sjølv om eg ikkje er oppdatert, betyr ikkje det at eg ikkje er intressert i "gaming" lenger. For det er eg. Men eg liker best gode gamle klassikere. Nostalgi er ein avgjerande faktor. Musikk og gameplay er det viktigaste.

Dataspel eg har spelt mykje av opp gjennom åra er Age of Empires 1+2, og CM/FM Manager.
Age of Empires er jo eit strålande spel, med eit nydelig soundtrack. Manager har jo ingen musikk i det heile tatt, men meget spennande gameplay.

Andre spel eg har likt/likar er Metal Gear Solid, Final Fantasy IX, Gran Turismo, Tekken og Jak and Daxter. Final Fantasy IX er nok det spelet eg har hatt aller mest morro med.


Men noko av det eg liker ALLER best, er gode gamle spel i 2D grafikk. Eg har spelt masse Super Nintendo. Super Nintendo er berre mykje enn Nintendo. Mario og Donkey Kong er det beste. Spesielt Donkey Kong. Det må være eit av dei beste spela eg nokon gang har prøvd. Dette er min subjektive meinig. No har det seg slik at eg har fått tak i ein emulator på dataen, så eg kan spele gamle SNES-spel :) For ein sann glede!

Eg har fått tak i alle tre Donkey Kong Country, samt alle fem Mario. Det har også sine fordeler å spele dette på PC kontra SNES, fordi alt går mykje fortare.
Dette hadde eg aldri trudd skulle gå, men igjen spelte teknologien meg eit puss. Og nok ein gang er eg imponert/fascinert.



Slike småting gjer at eg ser veldig positivt på framtida. Kva blir det neste? Eg som hadde tenkt å skaffe meg ein gamal SNES og alt. SNES er forsåvidt ein meget ustabil konsoll.
Dessuten er det også eit slags "bevis" på at om du vil noko, og er villig til å sette himmel og jord i bevegelse for det, kan det faktisk oppnåast.

I alle fall kanskje.

Materielle goder




Me lever i ei finfin tid. Eg er svært glad for å leve i den digitale, og globale verden me lever i idag. Sannsynligvis blir kommunikasjon og informasjon endå bedre i framtida, men me er "godt på vei". Eg blir fremdeles fascinert over kor fort informasjon blir spredd over internett, tv og radio.

Eg har masse elektronisk dilldall. Det aller meste av det blir hyppig brukt. Eg har to laptopper, blant anna ein heilt ny MacBook Pro, PlayStation2, parabol og ein rekke digitale musikkeffekter.


Men ein ting eg savner stort i min kvardag er FLATSKJERM. Dei aller fleste har flatskjerm idag, og alle som kjøper nytt TV kjøper då sjølvsagt flatskjerm. Eg har eit gammalt kasseapperat på 28" som fungerer heilt fint. Korfor har eg då sånn lyst på eit nytt TV. Burde ikkje kasseapperatet dekke mine behov? Blir eg lykkeligare av ein større/bedre TV, eller er det berre noko eg trur/rekner med?

Skal eg være heilt ærlig her, må eg nok svare "ja" på det siste. Eg er veldig glad i å sjå film. TV ser eg sjelden på, sjølv om det står og summer i bakrunnen. Søstera mi har 46" LED, og eg var på besøk hos ho og såg BlueRay i helga. FOR EIT FANTASTISK bilde. Eg har lenge leikt med tanken på å investere i ny TV, men har heile tida holdt meg til tanken at "det gamle er godt nok", og "det vil bli endå billigare med flatskjerm". Kor lenge skal ein vente då? Ein må jo unne seg noko, mens ein "kan". No hadde det forsåvidt passa svært godt med TV, då eg er dårlig til beins, og det er fullstendig vinter ute :(.

Ein OK flatskjerm kan du få idag til rundt 5000,-. Når eg seier ok, meiner eg MINIMUM 42" og FULL HD. Det er godt mulig eg slår til snart, eg er ganske så impulsiv. Me lever i ein herlig verden, med masse deilig tenkologi og informasjon tilgjengelig. Kjøper eg flatskjerm og bluerayspeler/PlayStation3, vil eg sjå meir film, og dra informasjon/kunnskap ut av det.

I tillegg vil det øke livskvaliteten min BETRAKTELIG.

Trur eg.