

Så kokte eg meg nudler til frukost. Nudler og vatn. Ny diett. Så var det berre å ta tak i dagens gjeremål. mange telefoner skulle takast idag. Først ringte eg til Bergens Kirurgiske Sykehus, for å få sendt rapporten fra operasjonen til min fastlege.
Ringe BKK - X
Så var det NAV. Igår fekk eg endelig bekrefa at eg var arbeidsledig. Trudde eg. Det viste seg at eg var arbeidsledig fra 1.1.2010, til og med 19.1.2010. Det viste seg å være ein misforståelse, og at eg hadde "gløymt" å sende inn meldeskjema. Eg trudde eg fyst skulle få bekrefta at eg var arbeidsledig, så skulle eg sende elektronisk skjema. Der tok eg feil. Idag har eg ettersendt ikkje mindre enn fem skjema. Håper for guds skyld det ordner seg.
Ringe NAV Gulen - X
Bli viderkobla fra NAV Sogn og Fjordane - X
Derretter ringte eg min gamle jobb for å få x-antal dager og timar eg hadde jobbe siste to mnd. Denne informasjonen skulle inn i meldingskjema til NAV. Etter eit par-tre samtaler var det i boks.
Ringe jobb - X
Min siste telefonsamtale idag, fekk Bergen Terapi-eitelleranna, gleden av. Ringte dei både tre og fire ganger, før eg til slutt fekk snakke med ei hyggelig dame frå Stavanger. Me avtalte at dei skulle ringe seinare på dagen, eller seinast i morgon, for å avtale fyste time i terapi. Dei ringte idag, og sa at eg får time på førstkommande tirsdag, og at me lager eit opplegg etter det.
Ringe terapi - X
Så var det endelig tid for å slappe av litt. Fiksa ein gitar, dvs fekk den stemt, og festa ei fjør, slik at den vart meir "stabil". Etter det var gjort, sette eg meg beint ned å spelte millionær. Igjen gjekk eg seirande ut av spelet. Kjekt å vinne. Ikveld er det forresten bud på QXL, på klassikaren "multi-millionær", som eg kanskje slenger inn eit bud på. Budet er no komt opp i 1600,-. Dyrt vil nok mange sei.
No er det berre å ro i land denne hektiske dagen, og håpe det blir litt roligare i morgon.
Ha ein fin kveld.
Øystein Lihaug

SÅ flink du er =) Over 1000 for et brettspill er alt for mye!
SvarSlett-Stine Sofie