mandag 1. februar 2010

Update fra Damsgårdsveien

Vel vel. Ny dag og nye muligheter. På mange måter er det ikkje slik eg føler det idag. Men kan på ingen måte klage, då eg veit at det er mennesker på samme planet, som lever under langt verre forhold. Men uansett. På torsdag opererte eg kneet, i den tru at eg skulle bli "frisk" etter 3-4 veker. MR-bildene frå tidligere i høst, viste at det var ein skade i minisken, som var relativt enkelt å operere/helbrede. Dette hadde eg gått med siden Juli09, og var på mange måter lei av å ha "begrensa" styrke/balanse/bevegelighet i kneet. Endelig skulle det bli bra. Slik blei det då ikkje.

Før operasjonen sa legen til meg, at dei skulle sjå om det kanskje var noko gale med korsbåndet. Eg trudde det at MR-bildene var såpass gode, at dei hadde vist det om korsbåndet var røke. Etter operasjonen blei eg trilla inn i eit slags venterom, der eg skulle sitte i omtrent 20 min. I god morfinrus. Fekk til og med eit glas saft, som eg klarte å søle ut, i den tunge rusen (var i narkose).

Omsider kom legen. Han informerte meg om at korsbåndet var røke. For min del var det litt av ein smell. Eg var ikkje det minste forberedt på denne beskjeden. Alt blei på ein måte snudd opp-ned. No skulle eg berre være forsiktig i 14 dager, for så å kunne være aktiv igjen. Men slik blir det då ikkje. Må ha ein god del rehablitering dei neste mnd, og sannsynligvis ny operasjon. "Vi får se", sa legen då eg sa til han at eg måtte ha ny operasjon. Vi får se.

Uansett, eg må berre sjå framover no. Problemet er at det blei mykje lenger "fram" enn det eg hadde tenkt. Kjem nok ikkje til å spele fotball i løpet av 2010, om eg får spele noken gang. Uten operasjon er fotball uaktuellt. Så må derfor gjere ein så god innsats som mulig, med tanke på rehab og opptrening. Så får me sjå om 2011 blir bedre :)

Som eg nevnte i toppen av innlegget, er det på ingen måte (spesielt) synd i meg. Er millionær av mennesker som lever i fattigdom, krig, frykt, flukt osv. Så blir nesten litt flau over å klage slik på ein blogg som dette. Men dette er ingen klage. Kun info, til dei som måtte lure på kva Øystein gjer på. Dette er med andre ord min kvardag pr dags dato. Så no veit de det.

Heldigvis er det masse eg kan gjere. Idag tenkte eg at eg skulle bruke dagen til å spele ein del gitar og keyboard. Være kreativ, bruke mine eventuelle talent og ferdigheter. Sånn sett er det bedre at det er kneet eg er skada i, enn ein arm. Så no er det berre å sjekke børsen, og ein del andre ting på internett, for så å isolere meg på rommet mitt og "det som skjer, det skjer".

Ha ein fin dag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar