
Jada. Eg må innrømme det. Eg likar å spele spel. Både brettspel, kortspel, dataspel og TV-spel. Når det kjem til brettspel liker eg veldig godt risk, og monopol-relaterte spel. Kortspel eg likar kan være Amerikaner, boms-president, og 104 kort.
Så var det data og tv-spel. Der er eg ikkje så veldig oppdatert lenger. Før brukte eg mykje tid på å lese om nye spel, prøve demoar, og kjøpe spel. Dette var i PlayStation1-verden. Etter det kjøpte eg PlayStation2, som eg brukar i ny og ne. Sjølv om eg ikkje er oppdatert, betyr ikkje det at eg ikkje er intressert i "gaming" lenger. For det er eg. Men eg liker best gode gamle klassikere. Nostalgi er ein avgjerande faktor. Musikk og gameplay er det viktigaste.
Dataspel eg har spelt mykje av opp gjennom åra er Age of Empires 1+2, og CM/FM Manager.
Age of Empires er jo eit strålande spel, med eit nydelig soundtrack. Manager har jo ingen musikk i det heile tatt, men meget spennande gameplay.
Andre spel eg har likt/likar er Metal Gear Solid, Final Fantasy IX, Gran Turismo, Tekken og Jak and Daxter. Final Fantasy IX er nok det spelet eg har hatt aller mest morro med.
Men noko av det eg liker ALLER best, er gode gamle spel i 2D grafikk. Eg har spelt masse Super Nintendo. Super Nintendo er berre så mykje enn Nintendo. Mario og Donkey Kong er det beste. Spesielt Donkey Kong. Det må være eit av dei beste spela eg nokon gang har prøvd. Dette er min subjektive meinig. No har det seg slik at eg har fått tak i ein emulator på dataen, så eg kan spele gamle SNES-spel :) For ein sann glede!
Eg har fått tak i alle tre Donkey Kong Country, samt alle fem Mario. Det har også sine fordeler å spele dette på PC kontra SNES, fordi alt går mykje fortare.
Dette hadde eg aldri trudd skulle gå, men igjen spelte teknologien meg eit puss. Og nok ein gang er eg imponert/fascinert.
Slike småting gjer at eg ser veldig positivt på framtida. Kva blir det neste? Eg som hadde tenkt å skaffe meg ein gamal SNES og alt. SNES er forsåvidt ein meget ustabil konsoll.
Dessuten er det også eit slags "bevis" på at om du vil noko, og er villig til å sette himmel og jord i bevegelse for det, kan det faktisk oppnåast.
I alle fall kanskje.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar