
Ikveld har eg sett ein dokumentar om denne karen på youtube. Mannen på bildet er Warren Buffett, ein legendarisk investor. Han er blandt dei aller rikaste i verden, og er ein av dei skarpaste innen økonomi/verdivurdering idag.
Syns det var intressant å sjå dokumentaren, som handla om korleis han har skapt si enorme formue, simpelten gjennom investeringer. På youtube finn ein mange intervjuer med Warren Buffett. Ein skal ikkje lytte lenge, før ein skjønner at dette er ein svært jordnær person, i tillegg til ein usedvanlig smart investor.
Gjennom sitt eigarskap i Berkshire Hathaway har han bygd seg opp ei formue på omlag
$40 000 000 000,-. Han vippar mellom å være den nest rikaste, og den rikaste mannen i verden. Om du hadde vore så lur å investert $1000,- med han i 1960, ja då ville du idag hatt $5 000 000,-.
Warren Buffett er ingen "blåsar", dvs han brukar ikkje meir pengar enn han er nødt til. Ikkje har han flotte bilar, store/mange hus og liknande. Han er faktisk svært så gjerrig. Kan på mange måtar minne om Onkel Skrue.
Likevel, det som driver Warren Buffett, er det å alltid gjere gode investeringer. Slå markedet som det heiter. Personlig har eg stor sans for denne mannen, og det han står for. Han har enkle filosofiar på korleis ein skal lykke med investeringer. Han understrekar at det er stor forskjell på investering, og rå spekulasjon.
Han har også donert vekk store delar av formuen sin til Bill & Melinda Gates Foundation, eit stort veldedighetsfond, dreve av "The Gates´"
Han har også skreve fleire bøker om det å investere, som eg tenker å lese ein (vakker) dag.
Dette er litt av ein rollemodell.
"If he doesn´t give capitalism a good name, no one does"

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar