
Då var eg heime i Gulen, for å "slappe av" denne helga. Puste ut etter vekas tøffe program. Neste veke skal eg til behandling/opptrening for kneet mitt. I tillegg har eg ein hemmelig plan. Ein hemmelig plan, eg håpar blir bra. Det er ein del som må planleggast før denne planen kan iverksettast.
Med mindre fysioterapauten skal ha meg trakkande der borte heile veka, trur eg neste veke går stort sett til å jobbe med planen. Det er i grunn ein veldig bra plan, som eg rekner med blir ein suksess. For at det skal bli ein suksess, krever det konsentrasjon, og hard jobbing. Eg må rett og slett tidlig opp.
Idag skal eg slappe av, og muligens sjå fotballkamp. United er i god form om dagen, og det kan bli gøy å sjå. Her er det vinter. I natt drøymde eg at det var sommar. Skikkelig sommar. Med sol. Og skyfri himmel. Vindstille. Blågrønn sjø. Båtar på fjorden. Syklistar som sykla forbi. Plenklypparar som durar. Musikk på andre sida av sletta. Folk som går tur. Fotball. Bading. Is. Lettkledde, brune mennesker. Besøk. Grilling. Kald øl. Seine kveldar. Mygg. Barfot. Sandalar. Campingbilar. Femtenmotorsyklarpårad.
Gud gje meg styrke til å komme over vinteren.
No ser eg på Sopranos. Den råaste serien eg har sett, med den råaste sjefen; Tony Soprano.
PS: Gled deg over det du har, og den som venter på noko godt (sommaren) ventar ikkje forgjeves.

Jaja, det var den bloggen...
SvarSlett