
Det er berre å innrømme det. Eg er i usedvanlig dårleg form om dagen. Det har eg forsåvidt vore dei siste to åra. Det er ikkje slik det ein gang var. Dette må eg gjere noke med. Helst så fort som mulig. I alle fall når eg får det berømte kneet mitt i orden. "Du kan ikke spille fotball, men du kan gjøre mye ant", sa legen til meg etter operasjonen. Holy Smoke. Jada. Eg kan sikker gjere "mye ant", men dette må eg ta på sikt.
Eg har vore i god form, og eg har vore i dårlig form. Å være i god form, er absolutt å foretrekke. Hugsa godt når eg jogga, løfta vekter, hoppa tau, og spelt fotball. Det var tider det. Når eg kunne stå opp om morgonen, og velge å vrake i fancy, trange kle. Slik er det ikkje idag. Prøver eg ei bukse eg ikkje har hatt på meg på eit par år, kjem eg ikkje lenger enn til låra. Noko har skjedd. Eg føler meg på ingen måte kraftig overvektig, men kunne godt vore "eit nummer" mindre. Alternativet er å investere i ein heilt ny garderobe, noko eg verken har lyst, eller råd til. Så då må ein bite i det sure eplet og trene.
Egentlig så liker eg å trene. Faktisk. Mykje trening er artig å drive med. Liker som nemt veldig godt fotball. Trening til musikk er også veldig morosamt. Løfte vekter. Dei lodda, dei lodda. Sjå at ein gjer framskritt, på samme måte som elles i livet. Avansering, ikkje stagnering. Problemet er at eg ikkje kan jogge, men trur eg skal kunne klare å sykle. Vurderer å kjøpe meg ein ergometersykkel. Så er det berre å fyre opp catchy musikk og trø på. Slikt blir det forbrenning av.
Mitt hovudproblem er at eg ELSKER mat. Og chips. Og brus. Eg er ikkje så glad i kaker og den slags, men elsker mat. ELSKER. Og eg et som regel meir enn eg burde. Klarer ikkje å stoppe. Mat eg liker veldig godt:
- Pizza
- Hamburger
- Lasagne
- Speilegg
- Nudler
- Pasta
- Biff
- Mousakka
- Reker
- Oste-smørbrød
- Baguetter
Som du ser/leser, stort sett junkfood.
Hadde det berre vore så enkelt som dette:
Simsalabim, ungå å trim, simsaladorm bli i god form.
Slik er det då ikkje. Det som høyres for godt ut til å være sant, er som regel for godt til å være sant.

Ah. Mek Dånnels <3
SvarSlettok, DET var et morsomt innlegg Øystein! Jeg liker deg, du er gøy.. Det er bra å trene, men det er digg å spise god mat! Jeg husker når du gikk i trange t-skjorter :P hohoho..
SvarSlett-Stine Sofie